Talet på muslimar: 2 000 000
Suriya bor i Multan, i storleik den sjuande byen i Pakistan. Stordelen av dei 2 million innbyggjarane er muslimar. Denne byen ligg i provinsen Punjab, kjend som ‘landet med dei fem elvane’. Men Multan er òg kjend for støv, ekstrem varme, tiggarar, og mange graver for heilage sufi-muslimar. Kvar dag kjem det pilegrimar i hopetal til Rukn-i-Alam, det vidgjetne mausoleet i byen. Dei vonar at dei der finn svar på sine bøner om det dei treng.
Som dei fleste kvinnene i Multan høyrer Suriya til i ein konservativ muslimsk familie. Jenter som bor i byen har høve til å få skulegang, likevel er det oftast slik at foreldra ordnar med giftarmål for sine døtrer mens dei er svært unge. Familien til mannen som Suriya måtte gifte seg med, forventa at ho skulle bli gravid så fort som råd var og få barn, helst ein son. Men Suriya fekk ikkje noko barn. Og som det ofte går med kvinner i hennar situasjon måtte ho då utstå vanvørdnad frå familie og samfunn. Svigermora truga med å sende henne bort og finne ei ny kone til son sin. Suriya blei fortvila.
Men så fekk ho kjennskap til ein kristen klinikk som kunne tilby hjelp til ufruktbare kvinner. Personalet der prøver å vere vitne om Guds kjærleik for pasientane sine. Suriya fekk ein samtale og nokon bad for henne. Ho gjekk heim med trøyst og håp i hjartet. Nokre månader seinare hende underet; ho oppdaga at ho var gravid. Kjem ho til å hugse at det var i Jesu namn dei bad for henne, slik at ho opnar hjartet sitt for han?
Inspirasjon til bøn
- Be om at kvinner i liknande situasjonar som den Suriya var i, får erfare at dei er elska og aksepterte av Jesus. (1 Korintarbrev 1,28-29)
- Be for klinikkar som denne, at dei må få vere lys og salt i Multan. Be om at dei kristne der må finne praktiske måtar til å formidle Guds velsigning til byen dei bor i. (Hebrearane 13,16)
- Be om at dei som besøkjer gravene til heilage sufi-muslimar må finne hjelpa dei søkjer ved at Kristus openberrar seg for dei. (Salmane 40,2)